Kronikk: Kva er gali med «Venstresida»?
DEL 2
Naturen og mennesket
I førre artikkelen peika ein på korleis Venstresida har fortrengt marxismen og no konsentrerer seg om klima, miljø og feminisme i tillegg til inntektsfordeling og offentleg drift av sjukehus, skular, institusjonar for eldre og barnehagar, men elles godtek marknadskreftene og ikkje bryr seg om vareproduksjon, dvs korleis verde vert skapte. Ein freista òg å stikka hol på klimaballongen, og vil her ta for seg ymse påstandar om det som går under nemninga miljø. .
Ein skriv med vilje naturen og mennesket i den rekkefylgja. I det ligg ei vedkjenning av at naturen er det primære, mennesket sekundært – eller rettare også eit produkt av naturen.
Den kroppen vi er utstyrde med, er eit reint naturprodukt. Så langt har mennesket ikkje hatt den ringaste innverknad på utforminga av han eller på dei normale funksjonane som går føre seg under huda. Eit friskt menneske har ikkje den minste medvitne kontakt med t.d. levra si. Naturen går sin gang i menneskekroppen som elles i verda. Hjernen er også eit reint naturprodukt, men der finn ein den overordna funksjonen medvitet. Det er takk vera dette og to nyttige hender at mennesket har teki seg til rettes i resten av naturen. Skilnaden på bier og menneske når det gjeld bygging av bustad, hevda Marx med rette er at biene berre repeterer si form for bygging styrt av instinkt, mannen reflekter over det han har bygt, tenkjer over det og får nye idear til husbygging. Slik har han kunna endra bustad frå ei grotte til å bu i 16 etasje i ei høgblokk laga av materiale henta frå naturen, men omforma.
Ein kan sjå på dette som eit samspel mellom menneske og natur, andre har brukt omgrepet kamp mot naturen, Venstresida ser ut til å landa på ”øydelegging av naturen” eller det ho helst kallar ”miljøet”.Omgrepet ureining av miljøet/naturen vert difor sentralt..
Øydelegging av naturen og ureining
Naturen/jordkula er i stendig endring over kortare, men som regel over lang tid. Land hevar seg over havflata, fjell vert brotne ned, naturkatasrofar – kvifor ikkje heller seia krafitge naturfenomen? – er også med på desse endringane – og plante- og dyrelivet kan endra seg i takt med dette og andre faktorar også uavhengige av menneske. Dinosaurar og andre dyre- og planteartar har kvorvi, nye har utvikla seg utan menneskeleg innverknad. Dei enorme havområda på 1,38 milliarder kubikkilometer eller 1,4 milliarder milliarder tonn ville kunne sluka heile meneskeslekta -, 7 milliardar individ - utan at det ville gje verknad på havnivået.-
Havvatn inneheld mellom 3,1 % og 3,8 % saltar, som blir tilførde gjennom forvitring av fjell og vulkansk aktivitet. Når det gjeld grunnstoff , dominerer oksygen med ca. 86%, hydrogen med 11, dinest kjem klor med 2%, natrium med 1, magnesium, svovel, kalsium, kalium , brom, karbon osb. Rekkja er endelaus. Det finst til dømes meir kvikksylv oppløyst i hava enn det som nokon gong har vorti og vil verta utnytta på land. Havvatn inneheld dessutan store mengder mikroorganismar og plankton flytande i ørsmå partiklar. Hava er frå naturen si side sterkt ”ureina”. Om menneske slepp ut 100 000 tonn av eit stoff, vil det vera mindre enn ein milliarddel av mengda av t.d. det brom som finst der ”naturleg”. Miljøaktivistane innfører eit skarpt skilje mellom menneske og natur, i den rekkefylgja, og knyter ordet ureining berre til menneskeleg aktivitet. Naturleg oppkomst av øydemarksområde er difor ikkje øydelegging av naturen, berre ei side ved han. I og for seg er korkje jordskakingar eller eller store vulkanutbrot skadelege for jordkula, men uhepne verknader er store for nære omgjevnader og ikkje minst for menneske. På den andre sida hevdar miljøaktivistar at så å seia all det mennesket gjer med naturen, er skadeleg jamvel om det aldri kan måla seg i omfang med det naturen sjølv steller til. Og om mennesket sluttar å kjempa mot/arbeida med/øydeleggja naturen, er han snøgt tilbake. Ein finn fleire døme på forlatne byar der naturen har teki fullstendig overhand (i jungel i Guatemala og Kambodsja t.d,). Om Oslo vart forlati, ville snøgt gras og blomar stikka opp i sprekkjer i asfalten. Eit vilkår for menneskelege samfunn er at naturen heiule tida vert halden i nakkesknnet.
Les mer i Friheten.

Det er sjølvsagt råd å tala om lokal ureining, i hamner og fjordar, og av mindre naturområde, men regional ureining (i miljøaktivistane si meining) vert heller eit tvilsamt omgrep, og global ureining fullstendig meiningslaust. I alle tilfelle, dersom ein t.d. sluttar med utslepp i havområde, vil det ikkje gå så svært lsng tid før havet har gjort dei til inkjes, til ein billiondel av det som alt finst der. . Menneskapt luftureining (og til dømes ikkje av vulkanutbrot) er heller aldri meir enn lokale om ein då ikkje definerer regionalt svært snevert. Det vil til dømes aldri vera ”dårleg luft” over heile en metropol på ein gong. På kort tid vil dessutan sterk vind feia bort all denne ”ureininga”.
Ein marxist kan sjølvsagt ikkje vera negativ til arbeid for reinare luft og vatn lokalt og mot fjerning av søppel i gater og i naturlandskap. Men han er ikkje imot at det vert bygt hus og at vegar og gater vert asfalterte eller at bilar køyrer der. Han bør for all del vera mot at miljøfolket byggjer seg hytte på fjellet. Det er unyttig og ikkje naudsynt ”ureining” av naturen. På dei siste fem åra er det bygt 22 000 nye hytter.i norske fjell.
Hovudproblemet når det gjeld naturvernarar er at dei ynkeleggjer jordkula og naturen. Mennesket – jamvel 7 milliardar vert småe – i samanlikning med utstrekninga på jorda, dei enorme ufolka områda i nord og sør og dei folketomme verdshava – 71% av overflata på Tellus. Faktisk går det eit nærast samanhangande urskogs – og steppeområde frå Nordmarka til Vladivostok. Og jamvel ei flyreise frå Paris til New Delhi vil syna at det meste under ein er område der menneske har sett fåe spor. Naturen er ikkje ein liten skjødehund som balanserer på ei stram line. Jorda er enormt stor sett i menneskeleg målestokk, og naturen har ein formidabel gjenfødingsevne. Berre det at temperaturen kan variera i busette område frå mellom pluss førti til minus førti (Norilsk) fortel litt om dei store marginane som finst for ”naturleg” liv.
Utnytting av ressursane
Miljøfolket skil skarpt mellom nyande (fornybare) og ikkje nyande ressursar. Dette skiljet er ikkje heilt opplagt. Metall er til dømes nyande. Det vil aldri verta slutt på korkje jernet eller gullet i verda. I det etter måten lukka systemet som jordkula er, kjem ingen ting bort, dei endrar seg sirkulerer og kjem tilbake. Det vatnet vi drikk, er nok milliardar av år gamalt. Urskog er ikkje lungane til jordkula. Tre tek opp CO2 når dei lever, men slepper det ut att når dei døyr. Utan hogst ert såleis ein skog eit 0-system når det gjeld opptak av CO2.
Det som først og fremst ikkje skal vera nyande ressursar er såkalla fossilt brensel. Det er og ei sannig med modifikasjonar, tre (nyande ressurs) kan foredlast til brensel med same innehald som det fossile, og det er eit stort spørsmål om opphavet til dei enorme oljetilkomstane i verda er fossilt. Det kan henda at dei norske oljereservane ein gong vil ta slutt, men nye oppdagingar gjer at datoen for sluttstrek vert stendig utsett. Det er korkje neste generasjon eller den etter han igjen, som treng uroa seg. Oljereservane er ikkje eit hav å ause av, men det byrjar meir og meir å likna på det. Einaste grunnen til at oljealderen skal ta slutt på dei første 100-200 åra er nok om miljø og klimapropagandaen får ta fullstendig overhand.
For ein del år sidan hadde framtidsforskarane funni ut at folketalet på jorda ville nå 50 milliardar kring 2100 var det visst. No er det spørsmål om vi når 9 milliardar før kring 2050. Den pipa som truga med katatsrofal folkeauke og hungersnaud har fått ein annan lyd. No er det ressursbruken til ein stendig meir konsumerande og vellevande menneskelsekt som er hovudbekymringa.
Folketalet i Kina flatar ut, og styret der ser ut til å ha eit vetugt syn på tilhøva. Dei som tener minst, skal løftast opp til det kinesarane kallar moderat velstand som er siktemålet for alle utviklingsplanane til det kinesiske kommunistpartiet. Spørsmålet er om ikkje alle folk på jorda kunne nå ein slik moderat velstand utan at det vert knapt om ressursar. Men skal ein nå dit, treng ein nok eit verdsstyre av kinesisk type. Hovudproblemet dei fleste stader vil framleis vera ressursfordelinga, ikkje skort på ressursar. Med moderat velstand og rett ressursutnytting og fordeling ville nok jorda lett kunne bera 20 milliardar menneske og jamvel meir.
Det einaste som kan truga menneskelivet på jorda, er ein atomkrig der statar vert innblanda anten som mål og/eller krigføande. Då er det ein viss risiko for at mykje biologisk liv vert utsletta, men jorda vil overleva og krinsa uforstyrra kring sola, og naturen vil igjen ta seg til rettes heilt til sola sluttar å gje varme.
Ut ifrå det ein har skrivi om det som ein meiner er gali med Venstresida, kunne ein setja opp eit ideelt program for ekte sosialistar som ikkje har forgapt seg i reaksjonær miljø- og klimaretorikk. Det kunne sjå slik ut:
Næringsliv
Det er gjennom organisert arbeid og framstilling av varer; maskiner og forbruksgode at, menneskeætta har skapt utvikling fram til eit komplisert, høgt teknologisk samfunn der mange er frigjorde frå den direkte vareproduksjonen og difor tek varer og tenester nærast som noko sjølvsagt . Ein krev respekt for hjernens og henders arbeid og ynskjer eit samfunn der næring kjem før tæring og der tilhøva vert lagde til rettes for rasjonell utnytting av ressursar og eit differensiert næringsliv. Norsk tilknyting til EU gjennom EØS gjer at ein ikkje lenger kan produsera ei rekkje varer på grunn av ”fri konkurranse”, og ein går difor inn for utmelding av EØS og er imot fri flyt av varer og tenester.
Det er viktig at staten har hand om sektorar som olje- og gass, kraftverk, gruvedrift, jarnbane post, teletenester og bankverksemd. Målet må vera rasjonell, effektiv og inntektsgjevande drift av desse sektorane -, men når det til dømes gjeld jarnbane og post, må ikkje profittomsyn koma framom fellesbate.
Verksemder med t,d over tjue tilsette bør vera i offentleg eller kooperativ eige.
Olje- og gass-utvinning vil framleis vera ryggraden i norsk næringsliv og økonomi, ein bør syta for framleis rasjonell utnytting av desse enorme ressursane. Noreg har meir enn nok kraftkjelder (olje, gass, hydroelektrisitet) – alternative og plasskrevande og ikkje lønsame tiltak som vindmølle-”parkar” for framstilling av straum, må ikkje favoriserast.
Pelsdyrnæringa, som er inntektsgjevande eksportnæring, skal ikkje leggjast ned.
Fiskeria bør oppmuntrast og regulerast. Det er viktig at ein god del av kosthaldet byggjer på villfisk.
All forbruksvare-produksjon skal ha levelege vikår. Det gjeld også produksjon av kvitevarer mv. og maskiner. Ein går inn for rett til å setja vernetoll i ein oppbyggingsfase for produksjon av slike varer.
Ein vil ha forbod mot våpenproduksjon til eksport.
Tradisjonelle handverk og utdaning av dugande handverkarar skal ha høg prioritet.
Arbeidsliv
Staten skal ha plikt til å skaffa alle arbeidsføre vaksne menneske over 21 år arbeid. Alle arbeidsføre personar mellom 21 år og 67 år har plikt til å vera i inntektsgjevande arbeid. Unntak gjeld for dei som er under utdaning og for kvinner med born under 16 år. Heimeverande husmødrer skal få husmorløn dersom den samla inntekta til familien ikkje er høg nok. Dei skal i alle tilfelle få pensjonspoeng. Ein skal ta bort unødvendige reguleringar av arbeidslivet og føresegner som ikkje har noko tydeleg praktisk føremål. Ingen statstilsett skal kunna tena over tre gonger gjennomsnittsløn.
Skattar og avgifter
Skatt på inntekt skal reduserast for alle som tener under ei viss grense. Avgiftsnivået skal haldast nede og staten skal fullfinansiera vegutbygging (ikkje bomringar). Det skal ikkje vera moms på offentlege (irekna kommunale) tenester Det skal vera ei øvre grense for offentlege inntekter gjennom avgifter. .
Byråkrati
Det offentlege byråkratiet skal reduserast. Sentraladministrasjonen skal ikkje vera større enn at ombygging av regjeringskvartalet i Oslo vert uturvande. Departementa skal ha så stor fagkunnskap at bruk av eksterne konsulentar i hovudsak fell bort. Kunnskap og tame skal vera viktigaste kriteria for tilsetting i offentleg verksemd, all kjønskvotering skal falla bort.
Storting og styringsverk
Kongedømet vert avskipa. Stortingspresidenten skal ha dei representative funksjonane til ein statsleiar. All offentleg støtte til politiske parti fell bort. Religion skal vera ei privatsak. Religiøse samfunn skal ikkje få statsstøtte.
Forsvar
Noreg melder seg ut av NATO. Forsvaret må leggjast opp slik at Noreg ikkje vert noko strategisk mål eller ei slagmark for stormakter. Det skal ikkje finnast framande militære basar i landet i fredstid. Rakettforsvar og sivilforsvaret må styrkast, likeins heimevernet. Norske soldatar skal ikkje brukast i utlandet i krigsteneste, heller ikkje skal norsk flyvåpen eller marine utføra militære oppdrag utanfor norske territorialgrenser. Dersom Sverige og Finland held seg utanfor NATO, skal ein søkja militært samarbeid med dei.
Utanrikspolitikk
Verda er vårt store fedreland. I prinsippet har menneska rett til å slå seg ned kvar dei vil på jordkula og å reisa fritt ikring. Alle som sjølve på lovleg vis kan syta for livberging i Noreg, skal kunna få opphald her. Staten skal ikkje gje støtte til slik innvandring eller gje underhald til utanlandske statsborgarar. Asylinstituttet vert oppheva med unntak for ekstreme situasjonar.
Ein er imot internasjonale domstolar og godkjenner internasjonal rett berre dersom han byggjer på eit kompakt fleirtal blant nasjonane i verda, men Noreg kan sjølvsagt vera del av internasjonale avtaler (også kommersielle) som gjeld konkrete nasjonar og saksområde. Sanksjonar mot andre land skal ikkje brukast som politisk pressmiddel.
Klima og miljø
Ein avviser ideen om at det går an å fastsetja eksakt ein global gjennomsnittstemperatur og at CO2 skal vera årsaka til påstått temperaturauke. Dei viktigaste faktorane når det gjeld temperatur er solenergi, vindretning og skylag. CO2 som berre representerer 0,04 % av lufta i atmosfæren, er livsviktig for alt liv på jorda – utan det vil planetelivet døy ut. :
Omgrepet ureining av naturen er svært relativt. Alt kjem frå naturen og vil før eller seinare venda tilbake til naturen. Eit kvart stoff i for store mengder på galen plass er i og for seg ureining, men dette kan aldri verta eit globalt fenomen, knappast regionalt, men i høg grad eit lokalt. Ein vil arbeida for eit reint nærmiljø og mot lokal forsøpling, dvs alt som er påviseleg skadeleg for helse eller er estetisk/auditivt skjemmande.