«Humør» og oslodialekten New
-
-
Kvart år i tidsromet 1912 til 1933 gav Aschehoug forlag ut ei samling humoristiske tekstar med boktittelen Humør. Forfattarane var nokre av dei beste skribentane i landet, og boka var nok ei kjærkomen gåve under mange joletre. Det er påfallande kor stor plass humoreskar på dialekt hadde, då særleg austlandsdialektar, og ikkje minst oslodialekt,
Det er ei mistyding å kalla oslodialekten for vikamål, han vart tala over heile byen, og jamvel kondisjonerte hadde ei levande oppfatning av korleis han høyrdest ut, og dei var nok i dei fleste tilfelle i stand til å prata han sjølve. Eit døme er ein av dei rikaste mennene i Kristiania, H.A.H. Paulsen (1832-1914).den største energileverandør i byen med kol-lager på Paulsenkaia i Bjørvika.
Olav H. Aarrestad -
Han åtte også fleire bygardar. Trass i utdaning frå England og aristokratiske vaner heldt han på usminka oslodialekt. Det var så pass originalt i slike krinsar at det gjekk fråsagn om han. Hans replikkar gjekk på folkemunne der han snart vart kjend som Køla-Pålsen, jamvel Kølapåsan., men berre eit lite tal av Kølapålsen-sogene kan førast attende til han. Denne er visst autentisk: Då Høvellast-Exportforeningen skulle skipast, var Pualsen litt plagsam; han småprata, avbraut og fortalde vitsar. Møteleiarane vart så irritert at han truga med å visa ut Paulsen. Då sa denne: Unnskyld herr ordfører, men jæ vil bare opplyse at jæ har blitt hivi ut a' mye finere selskap enn detta.
I dag kan ein berre konstatera at av norske målføre er det nok odlodialekten som har gått mest tilbake. Det kjem nok av den store folkauken og at innflyttarane kom i fleirtal.
I Humør frå 1915 finn ein fleire døme på korleis oslomålet då tedde seg. Det gjeld blant anna ei nokså grotesk soge forfatta av Ola Rein. Ein veit ikkje om det dreier seg om eit synonym, for det har ikkje vori råd å finna biografiske opplysningar om nokon med det namnet.
Språkleg sett ligg Oslo i eit grenseområde mellom Follo-/Østfoldmål og Opplandsmål. Former som ente, itte og ikke og dom, døm, - dem konkurrerer. Elles er eit særkjenne sjæl, mjælk og mjæl i staden for det meir vanlege sjøl, mjølk og mjøl. Formene med æ for ø er vel så godt som døydde ut i dag. Når et gjeld skrivemåten i stubben som fylgjer, held ein på bokmålsformer som vert uttalte annleis enn ein skriv dei: ned: les ne, seg, les: sæj, her: les hær osb Uttalen av såkalla standard oslomål har tatt vare på noko av oslodialekten. Dei fleste seier nok hævv for haug, som dei seierr sævv for sau, men ævva er mindre vanleg (augo/øynene).
"Tre for en". Fra Kristiania, lokal eventyrstil av Ola Rein
Det var tidlig om morran her om dan at'n baker Johansen i Lakkegata, di veit, skulle ner og fyre opp i bakerommen sin. Men da blei'n fælen, for med det samme han slo opp bakeromsdøra, fekk'n se to lassaroner lå inni der, og daue var dom begge to.
Dom hadde vel krabba inn der om kvelden, og jenta som skulle lokke att omsdøra før hu køya, hadd'ente lukta at det lå folk der, så hadd'a slått igjen døra hu, og så hadde dom kvamna inni der, dom. (kvamna kjem frå norrønt; kvafna, verta kjøvd/kvalt). .
Ja, der sto'n. Å skulle'n gjørra? Det var'te verdt å blande polti opp i detta. Han klødde sæ i hue, og så dro'n fram den ene lassaronen og la'n på gølvet framfor ommen.
Så gjekk'n bort i døra og kikka neover Smalgata ned te elva. Det gjekk en sjauer og loverte neri der. (Lovere frå nederlandsk; kryssa, rusla) Johansen vinka'n opp te seg. "Vil du ha en jobb på morrakvisten?" sa'n te'n. "Javel, mester, å er'e om å gjørra? sa sjauer'n. "Jo, du ser denna lassaronen, som ligger her," sa Johansen. "Han har daue her i bakerommen i natt", sa'n. "Det er'te verdt å snakke te polti, det kunne bare bli ubehageligheder, men det er det samme, vil du ta og ha'n på ælva for meg, så skal du få ei krone."
Ja, sjauer'n lurte litt på det, men så tok'n i'n og lempa'n opp på aksla, og så dro'n ner igjennem gata og utpå brygga og ner trappa te ælva; dæmme gjor'n en kink på seg og fekk'n uti. Og så skul'n rusle opp å få krona, da.
Mellerti hadde Johansen dradd ut den andre lassaronen og lagt'n på gølvet framfor bakerommen.
"Ja, sa var det den krona da, mester!" sa sjauer'n. -"Krona!", sa'n. "Du vil itte snakke om krona før du har gjort arbe lell, gett. Ser'u inte han ligger der da?" sa Johansen.
........."Nei, har'n gått igjen alt sa!" sa'n.
"Ja, du kan skjønne du kan'te få penga før'u har greid opp lell!
Ja, det var'te a'en råd, sjauer'n tok på han og lempa'n opp på aksla, og så dro'n ner igjennem gata og utpå brygga. Men der la'n 'n ner. Så gjekk'n opp i det gamle veaskjulet på hjørnet; der hadd'n ståendes ei gamal sag. Den tok'n med seg. Så skar'n a' det ene beinet på lassaronen og heiv det langt ut i ælva, og så lempa'n karen uti. "Du ska'te narre meg en gang tell", ment'n.
Så skull'n opp te Johansen og få krona da.
Han var'nte kommen lenger enn te første gatekrøssen førenn det var én etter'n. Han hørte skjelli det var en med trebein (skjellig: skilleg/tydeleg) Da snudd'n seg brått. "Å er'e du ska hen? sa'n. "Det skjeller itte Dere", sa den andre. "Jæ spør igjen , jæ", sa sjauer'n. "Du ska itte opp te Johansen vel?"
"Jo, sa karen, "ska Di endelig veta det så; jæ ska opp tell baker Johansen i Lakkegata og bestelle brød te battaljon'n."
"A nei", sa'n, " du ska'te narre meg trea gangen", sa sjauer'n, og så rauk'n på'n, dro'n ner på brygga, ner trappa og uti ælva me'n .
Men da var'n snar i vendinga, og så gjekk'n stabeint opp te baker Johansen. Og så fekk'n krona, og jammen hadd'n gjort ærbe for 'a au.
Hammarlunds døgnfluer
Så lenge det vart spela profsjonell revy på Chat Noir og Edderkoppen, levde oslodialekten vidare, men med eit vulgærstempel. I Hammarlunds "døgnfluer" på tredje sida i Dagbladet fekk oslomålet ein meir kvardagsleg og langt mindre stigmatiserande handsaming, ikkje minst når det var små rabbagastar som hadde ordet. Her er eit døme: Pjokken spør mora si:
Dø, mamma, åffer hetere konfirmasj-onsdag nåre er på en søndag?Men Gøsta Hammarlund døydde i 1987, og den genuine oslotonen har hatt vanskar med å overleva etter det.