Mange sentrale spørsmål står for tur for samfunnet: Skal nokon lide, kva skal vi ete, kan vi kjøpe maten til dei fattigaste så det svelt? Ein ting er sikkert; å ete kjøt fører med seg nokon andres daud.			Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Dei fleste har nok fått med seg den røystande saka i NRK Brennpunkt om dårleg grisehald i nokre fjøs, men kva kan vi bruke denne saka til, eigentleg? Vi må ikkje gløyme kva dyrehald er, og at faktisk vi og er eit dyr oppi det heile.

Historisk bakteppe
Domestisering av dyr til menneskelege behov er noko som truleg har gått føre seg i all tid, og knoklar funnet i Hordaland viser at det vart haldt husdyr her for 4000-5000 år sidan. At vi har gjort det er ikkje det same som at det verken er mogleg eller blitt praktisert – at det er natur vi driv med, for det vi driv med kallast kultur. Det igjen betyr ikkje at vi skal plage nokon, menneska er avanserte slik at vi kan vurdere etikk og moral oppi det heile.

Dokumenterte lovbrot
Dokumentaren med Norunn Hagen viser det mange i dag vil kalle groteske episodar, nokre langt utanfor dei normalt aksepterte smertegrensene. Å kastrere eit dyr utan å bedøva dei, er svært smertefullt og langt utanfor lov- og forskriftskrav som Mattilsynet handheld. Bøndenes haldning var gjennomgåande at dei var inneforstått med at dei brot forskrifter, og at dei burde gjort det annleis. Det er her og all rett å rette kritisk blikk på aktivistens aktivitet, ho var sjølve med på å verte lært opp til dei same handlingane som eigarane, og utførte dei. Kanskje var det viktig at dette vart avdekka, men sidan ho starta med sitt opplegg der ho gav seg ut for å være interessert i å starte med svinehald i 2013, for så å oppsøke produsentar innanfor ulike sjikt av griseproduksjonen i fleire år etterpå, har ho både utsett dyr på eiga hand, og med publisering fyrst no i 2019, for unødig liding. Ho har i løpet av prosessen sendt bekymringsmeldingar, kva resultat dei har ført fram med gjekk ikkje fram av dokumentaren. Det er og kritikkverdig både mot NRK, produksjonsselskapet Pirayafilm og rollehavarane at dei fremste ei heil næring i dette ljoset. Likeså må alle som driv med husdyrhald vakte seg sjølve, og passe på at dei ikkje vert sin eigen verste fiende med sine haldningar og handlingar.

Framandgjering
Karl Marx teori om framandgjering er gjort seg gjelande i det urbaniserte samfunnet vi alle etter kvart lever i. Folk har lite innsikt i matproduksjon, og produksjon generelt utover det dei sjølve er med på. Teorien er inndelt i lønnsarbeid og arbeidssituasjon som igjen er delt inn i arbeidsprosess, produkt, egne evner og andre menneskjer. Det kunne nestan ikkje beskrevet situasjonen betre; framadgjort frå lønnsarbeidet slik at man berre gjer overenkle ting ein vert bede om, at ein føler å ha lite innsikt i prosessen og berre er ein litan del av produksjonen, at man manglar interesse, rutineprega jobb og følelse av likegyldigheit. Etter kvart som det digitale samfunnet skrider framover, har vi fått mindre mellommenneskeleg kontakt, søkt mindre innsikt og ved å bu i byen, som er så godt som utan både produksjon og industri av noko slag – er vi framandgjorde.

Nokre røyster har tatt til orde for kameraovervaking av den såkalla svineindustrien, der det da skulle monterast kamera i alle fjos, og desse skulle være tilgjengelege på nett for alle. Det kunne nok betra bondens oppførsel der og da, men på sikt ville denne fullstendige mangel på tillit være dauden. Skal vi alle bi heildigitale med kamera som følgjer oss heile dagen? 
Lovbrota i dokumentaren omfattar både mangel på veterinærhjelp til sjuke dyr, egenkastrering, kastrering av veterinær utan påkrevd langtidsverkande smertestillande for grisen etter inngrepet, slag og spark, ulovleg avliving, men og rein og skjær «dyrehandtering». Alle som har handtert dyr, både hund, ku, gris og hest veit at av og til kan ein måtte ta på dyret, gi det ein dytt eller så. At dette er med i dokumentaren vitnar om at skaparane går gode for at dette er formar for dyremishandling, og difor ulovleg.

Avfolking av gardane
Mellom 2006 og 2017 vart det 74 000 færre personar som budde på gardsbruk i landet, og det er no nede i 373 000 personar. I forhold til Noregs befolkning er det no i underkant av 7 prosent, i 2006 var det om lag 10 prosent i tillegg til denne reine nedgangen er det ein aukande del som nyttar gardsbrukseigendom til fritidsføremål eller reine bustadføremål. I 1959 hadde me drift på 200 000 gardar, med ei atskilleg mindre befolkning (3,54M), og dette vart halvert framover mot 1989, og er i dag meir enn halvert frå det igjen. Dette betyr at stadig færre veit korleis eit dyr ser ut, korleis det oppfører seg, kva det et, korleis det har det, og at dette er kultur og ikkje natur.

Vern, natur eller kultur
Dyrevernarar argumentera i slike høve for lågare kjøtforbruk, ja det kan tenkjast er fornuftig. I ei rettferdig verd hadde vi berre kunne ha det kjøtet som let seg produsere under gode tilhøve for både svina, menneskja og jorda. Verda er svært urettferdig på mange felt, og så lengje me har tenkt å drive med produksjonsdyr i ei eller anna form må vi godta at dei ikkje har det som eit vilt dyr. Ville dyr på si side vil være atskilleg meir redde for rovdyr, fryse, svolte, ha smerter og uhelbredelege sjukdommar dei dør av, utan noko slags hjelp. Avliving er for mange uansett metode ikkje noko ein ynskjer å sjå på, eller ta del i. Krampetrekningar og å sjå at blodet renn ut av dyret kan være fælt, enn så naturleg det er.

System, økonomi og framtida
Skal vi fortsette bruken av produksjonsdyr må vi ha ein balanse, vi kan ikkje innføre natur, eller berre ha søte dyr som folk vil klappe på. Vi må ha effektive dyr som gjev oss det vi treng, og vi må gje dei det dei treng av stell og god behandling, men vi kan ikkje late som at det er mogleg å la dei være «naturlege», det vert dei aldri igjen, sjølv om dei har vore. Det gjennomgåande systematiske feilaktige er bondens haldningar, og dei økonomiske rammene bonden lever under, som tilnærma uendra kjøtpris sidan 80-talet. Mange meiner Mattilsynet er ute etter å ta dei, og det vert nestan som å innføre kameraovervaking, ein vert på hugget, føler på ein trussel. Det er heller ikkje vegen å gå. Skal produksjonen føregå på eit skikkeleg vis må Mattilsynet ha fleire tilfeldige uvarsla kontrollar, og det økonomiske regimet må endrast. For å endre økonomien er det mange utfordringar, alt frå kjøp av plass i hyllene i matvarebutikkane, konkurranse mellom landbrukssamvirket Nortura(Gilde) og private aktørar, importerte fôrråvarer, internasjonale handelsavtalar og folks generelle kjennskap til dyr og framandgjering frå dyr. Det er mykje å ta fatt i, dette har mange ansvar og skuld i.

Kjelder: Wikipedia om husdyr, Dag og Tid, Klassekampen, NRK, Brennpunkt, Dyrevernalliansen, KLF, Bondevennen, Dagsnytt 18, Karl Marx, SSB statistikkbanken

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering