Forfattarar og bøker: «Le Feu» og Henri Barbusse

Fredag 16. november presenterte Svein Sandnes bokforlag den norske omsettinga av boka til Henri Barbusse frå 1. verdskrigen (utkom i 1916), Le Feu - Elden. Ho er utførd av Bernt Knut Tornaas, som blant anna gjorde greie for det typiske soldatarspråket i boka, som kom ut under kampens hete og vart redda frå sensuren ved at forfattaren fekk den prestisjetunge Goncourtpisen same året. Le Feu nådde eit opplag på over 200 000 og vart også omsett til tysk og engelsk før krigen var slutt.


Adrien Gustave Henri Barbusse, vart fødd i Frankrike i 1873 av engelsk mor og med fransk far (teologisk utdana, men verksam som journalist og skribent). Mora døyr når guten er 3 år. Henri Barbusse debuterer med ei diktsamling i 1895. Han går over til å skriva prosa, og i 1908 kjem l’Enfer – Nærast ein dekadanseroman der kikking gjennom eit hol i hotellromsveggen på eit elskande par er viktigaste elementet. Krigen bryt ut, og 41 år gamal melder han seg til frontteneste. Krigen vert ei skakande og absurd oppleving som han skildrar så realistisk at det nesten vert irreelt. Boka er eit krast åtak på krig og det masseslakteriet av tre generasjonar menn som går føre seg. Nittenårige rekruttar går under nemninga cadaver apprenti - liklærling (kanonføde). I 1917 organiserer han den første samskipnaden for krigsveteranar og i 1919 den pasifistiske og sosialistiske rørsla Clarté og startar eit tidsskrift med same namn. Båe delar får stor innverknad og avleggjarar blant intellektuelle også elles i Europa. I 1923 melder han seg inn i Kommunistpartiet, og på reiser til Sovjetunionen vert han kjend med Lenin og Maxim Gorki. Sidan arbeider han som litterær redaktør i l’Humanité. Barbusse er heile tida overtydd kommunist og ein trugen ven av Sovjetunionen, og i 1935 kjem han med ein rosande biografi om Stalin, som han møtte personleg. Barbusse var alt lungesvak då han melde seg som frontsoldat i 1914, og under ei reise til Sovjetunionen døyr han truleg som fylgje av dette den 30.august 1935.


Under presentasjonen av boka heldt Eirik Brazier ei orientering om norske emigrantar som meir eller mindre kjende seg tvinga til å delta i usanske og kanadiske styrkar under krigen, og drog fram Knut Werswick (eig. Versvik , frå Telemark) som etter krigsinfernoet vart overtydd pasifist; skreiv boka Fra menneske til soldat og drog kring i Noreg og heldt føredrag mot krig og for fredsarbeid. Egil Børre Johnsen presenterte boka si, Lektor Borch drar i Kirgen (også på Svein Sandnes Bokforlag) . Det dreier seg om ei reise i Barbusse sine fotefar med Le Feu som vegvisar..


Halldor Laxness
Haldor Laxness (1902-1998) , vinnar av Stalins fredspris i 1949 og Nobelprisen i litteratur i 1955, vart feira av islendingar og nordmenn på Nasjonalbiblioteket i Oslo den 17.11. Åtleiden var truleg at det er 20 år sidan han døydde, men det var også ein freistnad på å relansera forfattaren som visstnok ikkje blir så mykje lesen her til lands lenger, men kven av store døde blir det i dagens digitale Noreg?


Ein kunne irritera seg over Roy Jacobsen som sidestilte nazisme og kommunisme og rosa Laxness for å gjort sitt mea culpa i motsetnad til Knut Hamsun og Hesse. Ein fekk hug til å beda Roy Jacobsen, som sosialdemokratisk hoffnarr, å gjera sitt mea culpa for 1. verdskrigen (som sosialdemokratane i Tyskland, England og Frankrike gjekk hugheilt inn for) og krigen mot Jugoslavia og Libya, reint bortsett frå at Laxness ikkje vart antistalinist før lenge etter Stalins død og då han var hamna på det litterære parnasset og gjerne ville vera stoverein også i maktkorridorane. Elles vart ein servert framifrå fiolinmusikk av ein eminent islending og mange detaljar om Laxness’ liv og virke. Den unge Laxness er nok mykje meir interessant enn den aldrande nobelpristakaren. . Ein skal ikkje ta alt den veletablerte Laxness sa, for å vera visdomsord. Bl.a. påstod han at nynorsk fekk han til å tenkja på ein full svenske som freistar tala islandsk. Eit anna sitat det er meir grunn til å tenkja over er dette: Nest etter det å missa mora si i ung alder, er det beste som kan henda, at ein misser far sin. Laxness vart oppseda av besteforeldra og var evig takksam for det. Dei gav han det beste i islandsk tradisjon og forteljarkunst.


Sven Ruin: Världens dummaste folk? Den svenske vatningeniøren Sven Ruin, ein mann i førtiåra, levde lenge i eit trygt borgarleg miljø, men etter kvart byrja han interessera seg for det som går føre seg på demokratiet si løynlege skuggeside. Ikkje minst gjorde Ola Tunanders bok Libyakrigets geopolitik – humanitær intervention eller kolonikrig? eit sterkt inntrykk..I år har Ruin gjevi ut boka Världens dummaste folk? Så blir de godtrogna svenskarna grunnlurade.


Boka er godt og overtydande skrivi i korte, geie kapittel, Het vil ein nemna nokre.:Vad gör Sverige egentligen i Afghanistan ? Irakkriget satte Mellansöstern i brand. Libyakriget forstörde ennu ett land Sverige skall inte likna en bananrepublikk. Vår egen militär eller nogon annans ? Hemliga organisationer utom kontroll.


Ruin er serskilt oppteken av Stay-behind-grupperingar som opererer i løynd delvis med offisiell godkjenning. Og no syner det seg (Klassekampen 17.11) at slike grupper truleg framleis er veksame også i Noreg.


Boka er på alle måtar leseverdig og tankevekkjande og kan tingast på Ebes förlag

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering