Norsk kulturpolitikk og "globalisering": Kunst og ukunst
-
Marcel Duchamp: Fontene Geir Tanderg Steigan: Tittelen på verket er på engelsk -
(24 - 2017) Folk ville ha bort eit "kunstverk" av ein stolpe, ein møkkaspreiar og ein stor stein i Kvam i Gudbrandsdalen. Det keisame er at installasjonen har vorti laga for offentlege middel (400 000 kroner). Men så kom kultureliten og sa: – Jeg vil forsvare kunstverket.
Olav H Aarrestad
Kunst skal skape engasjement – og det har de virkelig lykkes med. Alt kan takast til inntekt for moderne kunst. Eit engasjement for å få bort verket, som uorginalt nok vart kalla Fontene (sjå ovanfor), vert teki til inntekt for at det skapar "engasjement", og såleis har kunsten oppfylt sin misjon. For eldre solide, skikkelege kustverk kan ein sjølvsagt bruka argument som at det er kvinnediskrimierande, er eit monument over ein rasist eller sett opp av "fienden" (i dagens Polen der alle sovjetiske krigsminnesmerke vert fjerna), men då er det i tillegg til øydelegging av flott kunst(hand)verk eit åtak på ytringsfridomen. Å hevda at å fjerna installasjonen i Kvam, er som å driva bokbål og å gjera åtak på ytringsfridomen, fell til jorda. Ein bør helst vita kva ytring kunstnaren kjem med før ein seier det dreier seg om åtak på ytringsfridomen.
Og det var vel hensikta med all moderne abstrakt kunst at han ikkje skulle ha nokon bodskap, men udergrava sosialrealistisk kunst (jfr Rockefellers og CIAs økonomiske støtte til abstrakt kusnt i den kalde krigens dagar). Men røtene er eldre enn som så. Marcel Duchampå (1887-1968) var ein nokså mislukka fransk målar som i protest mot all tradisjonell og krevjande kunst stilte ut eit sykkelhjul på ein krakk på ei utstilling i USA i 1913. Gjennombrotet fekk han med eit pissoir på Armory Show- utstillinga i 1917 og kalla det Fontene. I dag vert originalpissoiret verdsett til fleire millionar dollar og rekna som eit av dei mest signifikante kunstverk i verda. -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå! -
Kunst og kultur fra et kommunistisk perspektiv
-
Kunst og kultur fra et kommunistisk og da klassebevisst perspektiv er et alt for lite diskutert tema. Et tema som ofte må vike for de mer ...
EU nekter kunstnere politisk ytringsfrihet
-
EU-parlamentet har sensurert 12 karikaturtegninger som «provoserende» mot de «europeiske verdier» som EU står for. Tegningene laget av greske...
Arkeologisk kunst i særklasse på Bryggens Museum i Bergen
-
(26 - 2017) Legender i gull var tittelen på en utstilling som kunne ta pusten fra de fleste. I tidsrommet 2.9.17 til 10.12.17 var utstillingen å se...
Kommentarer
blog comments powered by Disqus