Nils Ole Oftebro (t.v.) som Stalin og Henrik Mestad som Mikhali Bulgakov i stykket "Diktator mot Dikter", her under sesongåpningen av Nationaltheatret for 2013. 																														Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Nils Ole Oftebro (t.v.) som Stalin og Henrik Mestad som Mikhali Bulgakov i stykket "Diktator mot Dikter", her under sesongåpningen av Nationaltheatret for 2013. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Ein får hug til å fylgja opp Marion Koksviks artikkel om diktaren Bulgakov i nr. 14 av Friheten med ei soge kring skodespelet Diktator mot Dikter som gjekk på Nationaltheatret i førstninga av 2013 (premiere 12.01.) med Nils Ole Oftebro som Stalin og Henrik Mestad som Bulgakov. Stykket med originaltittel Colloborators er skrivi av den antisovjetiske engelske forfattaren John Hodge og står ikkje tilbake for Orwells Animal farm i uthenging av Sovjetleiaren.
Olav H. Aarrestad


Skal ein tru Hodge, dreiv monsteret Stalin eit infernalsk og pågåande spel for å seire over den intellektuelle frihetselskende kunstneren (frå omtalen åt teatret). Det meste av stykket er samtaler mellom diktatoren og diktaren jamvel om dei to i røynda aldri møttest. Eg skreiv til teatersjefen på National for å peika på dei reelle tilhøva, som er fylgjande: Mikhail Bulgakov, fødd i 1891, var son av ein kjend teologiprofessor ved det gresk-ortodokse akademiet i Kiev. Sjølv valde han løkjarstudiet og praktiserte ei tid som ferdig utdana også blant dei miliære styrkane under 1.verdskrigen. Det var vel då han vart morfinist. I 1918 deltok han som friviljug i Kiev mot den Raude hæren. Tyfus hindra han å forlata landet i 1920 saman med andre ”kvite”. I 1921 slår han seg ned i Moskva og byrjar litterær verksemd og vert publisert i fleire hovudstadsaviser, men skriv også i ei emigrantvis, som kjem ut i Berlin. I 1923 vert han medlem av Det allrussiske forfattarsambandet. Han blir av mange forfattarkollegaer oppfatta som ”ikkje ein av våre” og blir sterkt kritisert og jamvel mistenkt for antisovjetisk verksemd. I 1926 gjer tryggingspolitiet ei husundersøking og kverrsett blant anna dagboka utan at det får fylgjer. I oktober same året har skodespelet hans Turbinfamiliens dagar premiere på Moskva kunstnarteater. Handlinga er i stutte drag denne: Kaos råder i Kiev. Regimet til hetman Pavlo Skorpadskij fell og vert avløyst av eit direktorat. Så kjem (halvfascisten) Symon Petljora før bolsjevikane lukkast i å ta makta. Turbinfamilien er fanga i denne uroa. Oberst Aleksej Turbin og bror hans Nikolaj er lojale mot dei kvite og er budde på å ofra livet for ”saka”. Verbroren Talberg flyktar med tyskarane då dei dreg seg ut. Midt i all gru og uvisse samlar familien seg for å feira nyttår 1918/1919. . Kritikken var skarp og fordømande pga det ein meinte var ein tydeleg antisovjetisk tendens, og stykket vart teki av plakaten. Men Stalin skulle visstnok ha sett det og lika det, og stykket vart igjen tatt opp (og stod på repertoaret på Kunstnarteatret - men ingen andre stader –fram til det tyske overfallet i 1941).
Bulgakov blei framleis uglesett av forfattarkollegaer og aviser og forlag.. Han får vanskelege økonomiske tider, morfinmisbruket gjer det ikkje lettare, og han ser ikkje annan utveg enn å skriva til sovjetregjeringa og beda om å få utvandra elles ville han ”døy av svolt”. Etter andre brevet får han ein dag ein telefon frå Stalin personleg som råder han til å ta kontakt med Kunstnarteatret, der har dei kan henda ein instruktørjobb for han. Og ikkje uventa, han får oppgåver og eit levebrød. Helsa skrantar gjennom fleire år, og i 10. mars 1940 døyr han av nyresvikt.
Den heller religiøse romanen Meisteren og Margarita, bygd over Faust-motivet og som Bulgakov arbeidde på fram til sin død, fann sjølvsagt ikkje utgjevar i sosialrealismens land og kom først ut som føljetong i eit sovjetisk tidsskrift i 1966.Romanen vart straks gjort til kultbok blant sovjetfiendslege i Vest og blir av dei som likar denne typen fantastisk litteratur, sett på som eit meisterverk.
I skodespelet Diktator mot Dikter fantaserer forfattaren Hodge også vilt og let Bulgakov og Stalin stendig møtest (i eit hemmeleg rom på metroen i Moskva). I røynda møttest dei to aldri, Stalin hadde nok anna å ta seg til enn å driva personleg forfylging av ein forfattar som han såg på som dugande og interessant, men problematisk. Stalin har truleg ikkje på noko vis kjent at han sjølv eller Sovjetunionen vart truga av Bulgakov og heldt faktisk si hand over han. Sovjetunionen hadde langt fårlegare fiendar å slåst mot.
Teatersjefen på National må ha funni at eg vel kunne ha noka rett i å kritisera Hodge for forvrengningar og juks med sanninga; heilt uventa kom det to gratisbillettar til premieren. Frå midt på første råd i orkester kunne ein så konstatera at stykket var nett så ille som ein hadde tenkt, men i minsto kunne ein gle seg over framifrå spel av Nils Ole Oftebro.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!














Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering