Stalin ved roret i 1933.
Stalin ved roret i 1933.

Georg Johannesen skal ein gong ha sagt at Ung må verden ennu være (frå 1938) er den viktigaste romanen som nokon gong er skriven på norsk. Ein  vil seia seg samd i dette og finn grunn til å dra fram denne forvitnelege boka på nytt.


Først litt om Nordahl Griegs tilhøve til Sovjetunionen. Martin Nag gjorde eit grundig arbeid også her, og mykje av den informasjonen ein kjem med, er frå han. 
Ynskjet om å reisa til Sovjetunionen og bu der for ei tid, kan ha legi i bakhovudet hjå Nordahl Grieg ei stund. I 1927 hadde han gjort seg ferdig med filologisk embetseksamen, hadde aktiv reiseverksemd i inn- og utland bak seg, hadde fått utgitt to diktsamlingar, ein kriminalroman (i samarbeid med Niels Lie) og ein roman (frå sjølivet) og skreiv no nokså fast for  Tidens Tegn og Oslo Aftenavis. Dette året reiser han  -25 år gamal - til Kina som krigskorrespondent for Tidens Tegn. På vegen er han innom Moskva. 


I Kina er det borgarkrig og inga sentralregjering, så det var på mange måtar eit fårefullt oppdrag.  Der møtte han fleire gonger den sovjetiske utsendingen Mikhail Borodin (eig  Gruzenberg) – Kominterns og Sovjetstatens utsending til  Kuomintangs regjering i Canton (i dag Guangzhou) frå 1923 til slutten av 1927. Borodin gjorde eit sterkt inntrykk på  Nordahl Grieg. Han skildrar han som realistisk, hard, men også varmhjarta, utan tru på eit kommuniststyre i Kina. Kontakten mellom dei to kan ha vorti styrkt av at Borodin kjende til Noreg.  Han kom til Oslo/Stockholm i 1918 som medarbeidar for Lenins diplomatiske utsending Vatslav Vortoskij – blant anna for å vinna anerkjenning for Sovjetstaten (Det skjedde ikkje før i  1924). I 1919 vart dei to russarane utviste frå Noreg; overvakinga sadde ei mappe på for bolsjevikagitasjon på dei. (frå 1933)  


Eit anna moment som kan ha spela inn når det gjeld Griegs interesse for Russland, var den fascinasjonen som den unge sovjetstaten hadde ikkje berre andsynes arbeidarar, men også  vakne intellektuelle frå Vest. og Nord-Europa. Under opphaldet i Sovjetunionen deltok Nordahl Grieg på ein forfattarkongress (august-september 1934) med ei mengd utanlandske deltakarar, bla. André Malraux og Aragon frå Frankrike, Martin Andersen Nexø frå Danmark og Harry og Moa Martinsom frå Sverige. I tillegg til Nordahl Grieg kom Otto Luihn frå Noreg. For venstreintellektuelle var Moskva eit slags Mekka dei måtte gjesta. 


Eit tredje moment var Nordahl Griegs interesse for teater. Han hadde alt skrivi tre skodespel som også hadde vorti synte fram på scena  (I Bergen og ved Nasjonalteatret)  En ung manns kjærlighet, Gyldendal, 1927.   Barabbas, Gyldendal, 1927. Atlanterhavet, 1932). I søknaden  som han sende 23.12. 1932 til sovjetlegasjonen i Oslo, skreiv han: Jeg søker hermed om å få oppholde mig i Moskva fra 1. februar 1933. Det er min plan at studere russisk teater, for jeg tror det er derfra fornyelsen kommer. 


Nordahl Grieg var ikkje kommunist da han reiste frå Noreg, men han vart det så avgjort under opphaldet i Sovjetunionen.  Ein viss påverknad kan nok den to år yngre Ivar Digernes ha hatt  på han. Digernes var send ut av NKP og arbeidde (i knapt ni år) ved eit sovjetisk omsettingskontor stort sett for skjønlitteratur, men sidan kom Digernes til å vakla noko meir i trua enn Grieg. Han melde seg bl.a inn i AP ei tid, men enda sin karriere etter krigen som medarbeidar i Friheten og som omsetjar for den sovjetiske ambassaden. Digernes førsteinntrykk av Grieg var dette (frå eit brev til syster si, Marte): For ei tid sidan traff eg den lovande norske poeten Nordahl Grieg, som har rømt for sine kreditorar til Moskva, og no har vore her eit år.Han studerer bolsjevismen; det er elles ein ganske sympatisk ung mann, litt naiv og vel bergensk, men det passar til heile ånden og tonen i det velavslipte norske folkesamfundet. Eg trur ikkje eg kan passe meg inn i forholda heime for lang tid. 


Noko av det same ovkultiverte inntrykket hadde Nordahl Grieg gjort  åtte år tidlegare på ein annan bondestudent, nemleg Olav Dalgard. Han skriv (i Veien Frem, hft. 1, 1962) om eit møte i Den litterære studentringen  i Oslo (truleg hausten 1925) då Grieg nyss hadde gjevi ut den noko bleike diktsamlinga Stene i strømmen. Det Dalgard minnest best, var ”hans ytre apparisjon , hans sjeldsynt fine , milde og ikkje så lite feminine lag og framferd.  – vårt inntrykk var ikkje serleg sterkt av diktaren, han verka heller bleik, litt utrygg og famlande i jamføring med t.d. Rudolf Nilsen som las sine dikt på eit seinare møte i same laget. 


Antihelten
Hjå hovudpersonen i første delen av Ung må verden ennu være finn vi  att desse draga. Den unge britiske historikaren Leonard Ashley  forfina  brite (med morsbinding) som er komen til Sovjet for å studera  i arkiv der. Grieg hadde vori ved universitet Oxford i England og kjende typen godt. Ashley vert i førstninga gripen av det dynamiske i sovjetstaten og leikar med ei kommunistisk overtyding, men til skilnad frå Grieg  vert Ashley skræmd av Moskvaprosessane. Tilbake i England endar han som pasifist utan å høyra til nokon stad politisk. Boka kan såleis lesast som ein ofte vittig karikatur av intellektuelle som ikkje vil gå inn i sin tid når eit blodig oppgjer med nazismen står for døra. 


Romanen opnar med ei skildring av eit mistrøstig likfylgje i svartgrå vintertåke. Ashley vert var ein hund som er hamna i Moskva-elva og reddar han medan likesæle, slitne menneske ser på. Ei slik redning hadde Grieg sjølv utført under opphaldet i byen. 
Grieg har lati Ashley kunna russisk, det måtte han jo av di engelskmannen skulle studera gamle russiske manuskript. Sjølv kom Grieg aldri dit. Det finst ikkje noko prov på at han medan han var i Sovjetunionen,  lærde seg meir enn brokkar av språket.


I første del av boka kan ein elles mora seg over eit infamt portrett av den dominerande litt fallerte overklasemora som vil ha del i alt borna driv med, og av den altfor sjølvtrygge og parfekt Margaret, trulova med Ashley og som han er glad for han no har på milevis avstand. Desse to kvinnene står som kontrast til dei av det nye proletarnære slaget som Ashley vert kjend med. 


Helten 
Alt tidleg i boka møter vi Griegs grunnhaldning: I ei brutal verd må ein vera brutal skal det gode sigra. Hjå den amerikanske journalisten Donald Morrison, som er hovudkarakteren i siste delen av romanen og som jamvel hadde fått eit intervju med Stalin, finn ein desse refleksjonane: Tapte bolsjevikene på landsbygda, var det ute med dem. … Kampen var  i det store og hele forbi, men i samtaler med folk  fikk Donald og Ann (kona) et billede av den uforsonlige striden som hadde vært. På bolsjevikenes side stod landarbeiderne og småbrukerne, mot dem kulakkene, storbøndene, og de som selv drømte om å få mer jord. Først hadde kommunistene satt inn sine politiske stormavdelinger; de talte, besvor, oplyste: et nytt rikere liv ville begynne i felleskap. Nyttet ikke det, kom det neste: G.P.U. med maskingevær ….. Den besettende viljen som pisket over slettene, kjente ingen nåde. De som ikke vilde leve det nye liv, fikk gå under. 


Donald Morrison har klare oppfatningar om at alle russarar som er  i kontakt med utlendingar, er godkjende av G. P. U.  og om at alle spionerer på alle. Han forklarer for Ashley: 
Man må huske på at bolsjevikenes vesentlige, virkelig minneverdig inntrykk av utlendingene er følgende: Femten forskjellige stater – både Deres og mitt land var med, Ashley – sendte soldater hit inn for å hjelpe hvitegardistene med å knuse revolusjonen. Vi blir betraktet som efternølere fra disse hærene, eller forløpere for nye. 


-Men det er absurd, sa Ashley.
-Hvorfor det? Det er ennå folk, dødsfiender av systemet, som håper på hjelp utenifra. Er De sikker på at de ikke vil få den? … I denne forbindelse kan man jo for eksempel nevne Hitler, siden han så uttrykkelig har erklært sig for krig mot Russland.

 

Les mer i Friheten.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nordahl gireg


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering

Joomlas feilsøkingskonsoll

Økt

Profileringinformasjon

Minneforbruk

Database-spørringer