Latin-Amerika og Sambandsstatane

(Nr 5 - 2006) Vi ser at gringo-ambassadøren i Peru har uttalt at president Chavez og Venezuela blandar seg for mykje inn i andre latin-amerikanske lands saker. Han var no også den rette til å koma med ei slik utsegn.

Av Olav H. Aarrestad

Ambassadørens regjering har nett nekta Brasil og Spania å selja militærfly til Venezuela sidan desse byggjer på gringo-teknologi/inneheld gringo-komponentar.

I Venezuela er ein del marineoffiserar vortne arresterte for å ha samarbeidt litt for tett med onkel Sam, og i Bolivia syner det seg at før Evo Morales vart valt, sytte offiserar der for å demontera militært utstyr og for å føra det tilbake til USA.

På Cuba har gringo-misjonen sett opp ei svær lystavle på bygninga si. Ho skal liksom fortelja sanninga om Cuba og verda.


Mange vil ha det til at Latin-Amerika er i ferd med å skifta farge frå militærblått til raudt. Når det
gjeld Cuba og Venezuela, er det nok rett at regimet går i raudt, men kan ein seia det same om Bolivia
og Brasil til dømes?

Etter marxistisk oppfatning kan ikkje eit styresett endra karakter på avgjerande vis utan ei eller anna
form for utanomparlamentarisk oppgjer – som regel med våpen i hand. Av negative døme har vi
nasjonalsosialistanes maktovertaking i Tyskland, det måtte ein riksdagsbrann til som påskott før dei
kunne ta kvelartak på all opposisjon.

I Sovjetunionen gav det mislukka komplottet mot Gorbatsjov – som sat på Krim (eller var det Sotsji?)
og lydde på gringoanes propagandasending (Frie Europa) det naudsynte påskottet for innføring av
kapitalismen. Den mislukka freistnaden som ”gamalkommunistar” gjorde for å berga Sovjetunionen,
la vegen open for Jeltsin og den kontrarevolusjonen som følgde.

Det viktigaste positive dømet er Cuba; etter lang og seig folkeleg oppreist måtte Batista(gringo)-
regimet vika. I Venezuela kom Chávez til makta gjennom val, men han sat svært utrygt heilt til opposisjonen gjekk ut på gatene og tapte der. Det gav han nærast revolusjonær makt, men han er
framleis underlagt dei parlamentariske spelereglane og må fornya mandatet sitt etter ein valkamp der
USA sjølvsagt vil nytta dei (økonomiske og andre) medel dei rår over for å stø opposisjonen.

Til all lukke har oljeprisane gått opp, og det store venezuelanske oljeselskapet er frå gamalt i statleg
eige. Dessutan har det lukkast regjeringa i Venezuela å kvitta seg med illojale og USA-trugne
element i selskapet. Dei seinaste vala, diverre med tradisjonelt lågt deltaking – syner at Chávez har
massiv folkeleg støtte – men dette kan endra seg snøgt. Når det gjeld Cuba, kan ein uroa seg for
utviklinga når Castro ein dag ikkje lenger er i live.

President Lula som i alle høve i utgangspunktet var sosialist, har ikkje makta ta eitt einaste steg i
retning av statleg styring og eigarskap. Jamvel om retorikken er proletarvenleg og styret framleis har
stønad i breie lag, risikerer ein at etter neste val vil alt vera tilbake ved det gamle. Så lenge det ikkje
kvessar seg til mellom kapitalistane og regjeringa og ein får ei form for oppgjer, vil det ikkje skje
fundamentale endringar i Brasil.

I Bolivia er energiressursane og mineralrikdomane i hendene på utanlandske selskap. Morales ville
nok gjerne ta statleg kontroll over rikdomane, men manøvreringsfridomen hans er ikkje stor. Ikkje
noka utanomparlamentarisk hending har gjevi han friare hender, og han er under sterkt press frå
heimlege kapitalistar og dei utanlandske storselskapa.

Truleg oppnår han at litt meir av inntektene kjem bolivianarane til gode, men det er truleg òg alt. I
Noreg har sume raudøygde SV-arar nok trudd at med SV i regjeringa vile det verta andre boller.
I staden driv Arne Strand og andre hoffskribentar kurs i parlamentarisk skikk og bruk. Det fører med
seg ansvar å sitja i regjering, og ei norsk regjering er for NATO, mot boikott av Israel og ein trugen
ven av Sambandsstatane. Det ligg fast! Utanrikspolitikk er det berre Ap eller Høgre som kan og bør
ta seg av.

Såkalla demokrati – dvs. parlamentarisme i borgarskapet si interesse – var det alt i Vest-Europa på
Lenins tid. Han hadde difor gode føresetnader for å gje ein analyse av systemet – denne analysen
held seg den dag i dag. Det er berre eurokommunistar og andre revisjonsistar som ikkje skjøna det.
Og dei gjekk fem på. Det italienske kommunistpartiet tok sin daude på kuvendinga, det franske
har lenge legi i dvale, men sumt tyder på at mange innanfor partiet er i ferd med å vakna jamvel
om leiinga framleis heng fast i revisjonistisk klister til likes med ein del norske kommunistar.

Den føremonen latinamerikanarane har, er at dei ikkje lever med illusjonar om onkel Sams gode
hensikter. I Vest- og Sentral-Europa går framleis mange svært langt i å orsaka brotsverka hans; i
Vietnam, i Irak. Gringoregjeringa vil trass alt det gode. Den går ikkje latinamerikanarar flest på.

Onkel Sam vil først og fremst tena pengar, dinest tryggja verda mot eit eller anna – om det no er den
raude fåren eller islamsk ”terrorisme”. Nett som all kommunisme vart stempla som eit trugsmål mot
individet og fridomen, vert no all folkeleg motstand mot okkupasjonsmakt og vestleg dominans
pryda med etiketten terrorisme.

Mykje tyder på at også leidande russarar har mista alle illusjonar om den vestlege forma for demokrati.
I alle fall skulle ein tru Putin har det. Han let seg ikkje pilla ved nasen. Etter ”revolusjonen” i Georgia
og Ukraina har han nok fått det rette biletet av vestlege metodar; pengar og støtte til regimefiendslege
organisasjonar.

Dette har jo NATO-landa(inklusive Noreg) drivi med lenge, ikkje minst i Latin- Amerika. Under
dekket av stønad til menneskerettsorgansisasjonar på Cuba har dei gått svært langt i freistnadene
sine på å destabilisera Cuba. Så langt har dei mislukkast, der som i Venezuela. Men i tidlegare tider
gjekk det betre, då var også beinveges våpenhjelp til ulike typar leigesoldatar ein del av spelet tillikes
med direkte intervensjon i mange tilfelle: Brasil (Vargas), Guatemala, Den dominikanske republikk,
Nicaragua, El Salvador, Grenada osb) – og kom ikkje og sei at ikkje gringoambassadøren i Lima
held tette og nære band med regjeringa i Peru. Det uroar han berre at han ikkje lenger er einerådande
når det gjeld økonomiske verkemiddel og «gode» råd.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering