Demning i Dnepr, Sovjet-Unionen,  fullførd i 1932.
Demning i Dnepr, Sovjet-Unionen, fullførd i 1932.

Første kapitelet i Das Kapital av Karl Marx har tittelen Die Ware, og det er  ikkje utan grunn. Vareproduksjon – framstilling av verkty, maskiner, ting og forbruksgode er årsaka til at menneskeætta har kunna skilja seg ut frå andre levande vesen,  at ho har skapt utvikling og såleis historie og kultur.. 
Marx seier at kapitalismen er ei effektiv organisasjonsform takk vere store einingar, lønsabeid, rasjonalisering og aukande automatisering etc. når det gjeld framstilling av varer, men han syner skuggesidene ved utbytinga av arbeidskraft. Arbeidarane får ikkje disponera det meirverdet dei skapar,  profittjag fører til resesjon og arbeidsløyse etc. Hovudsaka for ein marxist vert såleis eigedomsrett til produksjonsmidla.


Eit sosialistisk samfunn er ikkje mogleg utan at fellesskapet eig produksjonsmidla.  I Europa og også i Noreg har vi ei rad parti som kallar seg sosialistiske, men dei har svært lite med sosialisme å gjera. I Noreg vert dei som regel samla under hatten Venstresida, og denne venstresida er oppteken av heilt andre ting enn eigedomsretten til produksjonsmidla. Hjartesaker er ”klima”, ”miljø” og militant feminisme. Det einaste sosialistiske er  krav om rettvis fordeling av goda, inntektsutjamning og offentleg drift av sjukehus, skular og barnehagar, elles får marknadskreftene råda. 


Fundamentet for all fordeling er at ein har noko å fordela, men vareproduksjon interesserer denne Venstresida seg lite for. Varer er visst noko som kjem av seg sjølve og som ein ikkje treng bry seg om. Dette har si forklaring når ein ser på produksjonslivet i Noreg; svært fåe er knytte til vareproduksjon. Det yrket dei er i, vert subsidiert via produktive næingar. Den største delen av dei yrkesaktive i Noreg er såleis framandgjorde, for å nytta eit omgrep frå Marx,  andsynes vareproduksjon.  Slik var det ikkje tidlegare. Fjerde bandet av Nordahl Rolfsens leseverk for folkeskulen (frå 1905) byrjar med 63 sider om Norske næringsveie. 


Det vi lever av i Noreg
Tala frå NHO er klåre: Olje- og gassbransjen med tilhøyrande  leverandørar står for 60 prosent av eksporten. Dei  gryande ”miljøvenlege” næraningane står for to prosent, og var i relativ tilbakegong sist år. Ei viktig eksportnæring er dessutan fiskeal, som Venstresida heller  ikkje likar.  Dertil kjem aluminium og kunstgjødning, men meir og meir av denne produksjonen vert lagt til utlandet. Norsk fastlandsøkonomi fall med 0,3 prosent fra januar til februar i år, men over ein tremånders periode var det litt vokster, takk vere tenester  knytte til oljeutvinning. .


Bruttonasjonalproduktet blir nytta til å fastsetja rikdomen i eit land, men det omfattar også næringar som ikkje skapar meirverde gjennom produksjon av varer. Oslo og Akershus har det høgste BNP i landet . For Oslo er det først og fremst finansnæringa, representert av t.d.  selskap som DNB og Gjensidige som trekkjer oppover.  I Rogaland derimot  er det oljerelaterte næringar som gjer at BNP er etter måten høgt.  Den verkelege verdeskapinga går føre seg på Vestlandet og i havet utanfor.  Når ein så stor del av folket i sentrale austlandsområde først og fremst lever av pengeflytting og administrasjon, helseføretak og undervisning, er det ikkje så  rart at venstresida som rekrutterer mesteparten av veljarane sine frå slike grupper, har eit heller uengasjert tilhøve til næringslivet og  kan gjera framlegg om å trappa ned på olje- og gassutvinninga, jamvel stogga henne  heilt av miljø- og klimaomsyn.


Klima
Påstandar om menneskept global oppvarming pga utslepp av CO2 , er vorti eit dogme som blir  prenta inn  frå barnehagen av og kraftig støtta av hovudstraumsmedia og politikarar i alle lægre.  Klima er eit felt det er vandt for ein lekmann å gå inn i; ekspertar og forskarar vil helst råda grunnen åleine. Men for ein lekmann må det gå an å stilla spørsmål, i alle fall så lenge ein ikkje får fullnøyande svar på dei. 

Les mer i Friheten.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering