Frå foredraga på folkeriksdagen 2018

OM  TRYGGINGS-POLITIKK  (Agneta Norberg -  leiar i Sveriges Fredsråd)
Agneta Norberg innleia med eit eksempel frå ein demonstrasjon på flyplassen i Luleå, der Edla Landro og andre lokale fredskjemparar fekk i stand ein demonstrasjon som blokkerte flyplassen i protest mot militariseringa. Dei vanlege massemedia lét typisk nok vere å omtale aksjonen, som berre fekk omtale i den svenske kommunistavisa Proletären. Sverige blir i dag nytta til treningsmark for USA og NATO, men det blir det jo sjeldan snakka høgt om. Agneta Norberg kunne vise til solid dokumentasjon for påstandane sine, m. a. Mark Brzezinski, som var ambassadør for USA i Sverige, og som er son av den meir kjende Zbigniew Brzezinski. Ho viste til fleire bøker som har teke opp militarisering og opprusting, der ho òg nemnde boka Bak fasaden av den norske fredskjemparenKari Enholm.


Kritikken av NATO-medlemskapen og opprustinga har kome lite fram og har vorte undertrykt, og ho nemnde at då Arbeidarpartiet gav støtte til NATO-medlemskapen, gjorde det unna heile diskusjonen på fire minutt! Ho tok også opp hemmelege NATO-armear og stay behind-gruppene og kontakten med nazistar som i Ukraina.


Når Olof Palme gav uttrykk for innvendingar mot militærpolitikken til USA og NATO og den europeiske støtta til denne politikken, fekk han kraftig motbør. Han vart drepen 28. februar, men skulle til Moskva i mars, og vi kan slett ikkje sjå bort frå at det kunne vere ein samanheng her.
Agneta Norberg tok òg opp den amerikanske infiltrasjonen i Latin-Amerika, og nemnde også at mykje av narkotikahandelen vart organisert via amerikanske basar. Militærbasar vart i fleire tilfelle nytta som ei rein handelsvare, og USA pressa seg til å halde fram opprustinga si i Japan sjølv om mange der ville ha amerikanarane ut. Amerikanarane har fått i stand krigar og stimulert til krigsaktivitetar i ei rekkje land, også i den tida då fredsprisvinnaren Barak Obama sat som president.


Den norske basepolitikken frå regjeringstida til Einar Gerhardsen om å ikkje stasjonere utanlandske militærstyrkar i Noreg i fredstid, har den noverande regjeringa oppheva utan særleg harde protestar.  No er amerikanske troppestyrkar og militært utstyr på plass i Trøndelag, og snart skal dei òg bli stasjonerte i Troms. Samstundes er det sett i gang ein skremselspropaganda mot russarane som liknar mykje på situasjonen under den kalde krigen, og denne utviklinga har vorte særleg sterkt merkbar i Noreg og i Finland.


Som ein nyttig illustrasjon av opprustingssituasjonen og det militære styrketilhøvet mellom NATO og Russland, hadde Agneta Norberg med seg eit kart som gav eit godt oversyn over militærstyrkane. Dette kartet viste klart og tydeleg kor falsk den argumentasjonen er som hevdar at Russland har rusta opp så kraftig at vestmaktene hadde vorte nøydde til å «svare».


DANMARKS  OG  NATOS INTERESSER  I  DET  ARKTISKE  OMRÅDET  MED  HOVEDFOKUS  PÅ  GRØNLAND (v/Hjørdis  Nielsen)
Det har vorte større politisk og militær interesse for Grønland etter kvart som isen har teke til å smelte i det arktiske området. I 250 år var Grønland ein dansk koloni fram til 1953. No har Grønland fått sjølvråderett på innanrikspolitikken, og får kvart år eit tilskot på 3,5 milliardar danske kroner.Grønland er heller ikkje med i EU, men utanrikspolitikken blir styrt av Danmark (og NATO). Mange grønlendarar ynskjer sjølvstyre på alle område, medan andre er usikre på kva som då kan skje med det økonomiske tilskotet frå Danmark. Det bur om lag 55 000 på Grønland, og dei aller fleste høyrer til det opphavlege urfolket, inuittane.


USA etablerte seg som alliert i Grønland omkring 1944. Thule Air Base har heile tida vore i aktiv bruk, men USA og NATO har hatt heile 32 basar og militærinstallasjonar på øya. Desse militærinstallasjonane lét etter seg eit gigantisk miljøsvineri, og særleg atomavfallet er eit stort problem. På Thule er det sett opp ein radar som ein del av det danske missilforsvaret. Ei forsvarsavtale frå 1951 mellom Danmark og USA ligg til grunn for den militære aktiviteten. Ikkje minst under den kalde krigen har USA og NATO vore svært aktive på Grønland. Interessa for Grønland har no også auka etter at isen har teke til å smelte og området har vorte meir tilgjengeleg. Då har USA og NATO satsa sterkare enn før på å få meir avgjerande innverknad på politikken i Danmark og på Grønland.
På NATO-toppmøtet i Polen juni 2016 presenterte den danske regjeringa ein analyse av dei oppgåvene ho ville prioritere  i det arktiske området, og trekte fram overvakingskommando, kommunikasjon og operativ innsats.


USA, Russland, Noreg, Canada og Danmark/Grønland kan gjere krav på ein del av Arktis, dersom dei overfor FN kan dokumentere at området er ei naturleg utviding av territoriet deira. Denne dokumentasjonen må bli godkjend innan dei politiske forhandlingane kan kome i gang. Det kan ta 10 – 15 år. Den danske regjeringa har allereie gjort krav på eit område 4,3 km under overflata ved Nordpolen. Dette området er 20 gonger større enn Danmark. 


Blant dei nedlagde militærinstallasjonane på Grønland er Camp Century, om lag 250 km aust for Thule. Der dreiv amerikanarane frå 1958 eit kompleks av verkstader, bustader og laboratorieaktivitet i 3 km lange tunnelar under innlandsisen, der energien vart henta frå ein atomreaktor som var plassert under isen. Dette anlegget var meint å skulle vere starten på eit prosjekt der 600 atommissilar retta mot Sovjetunionen skulle bli plasserte på skjener under isen. Prosjektet vart avbrote, men ei internasjonal forskargruppe hevdar at der isen smeltar, vil det kome radioaktivt avfall i 75 år. Danmark og USA ignorerer dette problemet og avviser ansvaret.


Gunnar Ottne

 

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

folkeriksdagen


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering