Fattigdom og ernæringsproblem i Amerika
-
Biletet er truleg frå Buenos Aires -
Det finst to amerikanske verdsdelar, Nord- og Sør-Amerika. Grensa går over Panamaeidet slik at Mellom-Amerika høyrer til i nord. Dei karibiske øyane reknar ein stort sett til Nord-Amerika jamvel om nokre av dei ligg utanfor kysten av Sør-Amerika, som Aruba og Trinidad og Tobago..
Problemet med adjektivet amerikansk som logisk sett burde gå på ibuarar i så vel Nord- som Sør-Amerika, er at det ikkje finst noko adjektiv på norsk for det ein til vanleg kallar USA, men som også har norske nemningar; Sambandsstatane/ De forente stater.. I denne artikkelen går amerikansk på båe dei to verdsdelane, og ein vil gjera framlegg om bruk av adjektivet usansk for det som spesifikt gjeld USA.
Fattigdom og utilfredstillande kosthald finn ein i større eller mindre grad i heile Amerika, irekna USA. Ein skal vera varleg med statistiske påstandar; det dreier seg ofte om ikkje svært godt dokumenterte overslag som ofte vert overdrivne for den gode saka si skuld. Det kan også gjelda SN-organ, først og fremst Klimapanelet, men også ONUAA på spansk, FAO på engelsk; Organisasjonen for mat og landbruk. Men tala derifrå gjev ein peikepinn: I 2017 skal 39,3 millionar menneske i Latin-Amerika (Haiti ikkje rekna med) ha vori underernærte. Det var ein auke på 400 000 frå året før. Nitten land figurerer på ei liste med frå 19,8 til 2,5% av ibuarane klassifiserte som underernærte. Øvst ligg Bolivia, men utviklinga der er positiv. Gjennom generasjonar har indianarane på Andesplatået hatt utilfredstillande ernæring, og det har gjevi seg utslag i svært låg gjennomsnittleg kroppshøgd og låg levealder.. Gjennomsnittleg levealder i Bolivia har auka frå ca. 50 i 1970 til 69 år i 2018. Etter Bolivia fylgjer Nicaragua, Guatemala og Honduras. Tek ein Haiti med, kjem nok det landet føre dei. Ikkje i noko av desse landa er ei monaleg positiv utvikling å spora. Det er tvillaust fattigdom og underernæring som har ført til at tusenvis av folk frå Honduras har vandra i store flokkar mot grensa til USA i von om ein betre lagnad. Brasil står på lista (2,5%- det gjev 5 millionar menneske), men ikkje Argentina. -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus